Om oss

 
 

Gi en gave

Vær med å støtte NLM og Nærbø Misjonslag sitt arbeid.

Gaver kan gis til direkte til Nærbø Misjonslag. Innbetaling til kontonr.: 3295.07.44552

GAVE MED SKATTEFRADRAG:

Nå har du mulighet til å gi en gave til NLM og få   trekke denne av på skatten (maks kr 12.000,-/år). Ønsker du å gi skattefri gave eller lese mer om ordningen? Trykk her.

Husk å merke skattefrie gaver med "Godskrives Nærbø Misjonslag".

 

 


 

Om oss

Hva skjer?

Dagens ord

"Vær ikke bekymret for noe, men la i alle ting deres bønneemner komme fram for Gud i påkallelse og bønn med takk." Fil. 4, 6

 

Nærbø misjonslag er ei misjonsforening tilknyttet Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM).

Det er pr medio august 2007 116 betalende medlemmer. Møtene samler ca 50 - 200 mennesker i alle aldre.

 

Historikk

Kinamisjonen  –  Det Norsk Lutherske Kinamisjonsforbund

Ein dag hausten 2007 spurde Raymond Bjuland - formannen i Nærbø misjonslag - om eg visste kva år Nærbø Misjonslag vart starta.  Nei, det visste eg ikkje. Ja, kan ikkje du prøva å finna det ut, var Bjuland si utfordring. Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) heitte første tida: Det Norsk Lutherske Kinamisjonsforbund (DNLK)

 

Det var ei misjonsforeining i Nærbø oppretta av H.G. Knudsen i 1840. Det står lite om denne foreninga. I 1890 vart første bedehuset vigsla. Lars Oftedal  - kapellan i Hå i 1872 - var med på det møtet.  Det er nå ei kvinneforeining som arbeider for ”hedningemissionen”  i Nærbø. Den foreininga arbeidde truleg for Bedehuset, og heilt sikkert for NMS, men sidan det var fleire lag og foreiningar kring i landet som og arbeidde for misjonar som arbeidde i Kina, er det ein sjanse for at denne foreininga  delte midlane sine mellom fleire. I 1900 eller 1901 melder denne foreininga seg inn som Nærbø eldre kvinneforeining for Misjonsselskapet og Kinamisjonen. Br. P. Mugaas skriv at det vart innmeld ei kvinneforeining på Høyland i Nærbø i 1904 med Tora Søiland som formann. Same året vert det innmeldt ei misjonsforeining til på Høyland. Lærar M. Moi var formann i denne.

 

Det er store vekkingar i bygda med emissærane Ole Hagesæter, Jakob Egeland, Lea,  Sætre og Johannes Daasvand i første tiåret på 1900-talet. I 1911 er Sætre på vitjing i Nærbø att. Resultatet av arbeidet hans er at det vart to nye misjonsforeiningar det året som skulle arbeida for Santalmisjonen og Kinamisjonen . Den eine er på Nærbø med Krag som formann, og den andre kom til på Risa, der Sem Riisa er formann. Før jul i 1914 var Svend Foldøy i Nærbø. Rett over jul vart det innmeldt ei ny kvinneforeining – Nærbø ynge kvinneforeining. Fru Sigrid Ådnesen var formann i denne foreininga.

***

Det vart starta eit misjonslag med  med 38 medlemmar 24. januar 1915. Mandius Bjorland, Bertinus Bjorland og Krag skifta om å vera formenn i laget fram til 1930. Det ser ut til at det er oppstarten av Nærbø Misjonslag.

***

Den første tida i Bedehuset si soge var det fast med basar i romjula, d.v.s. 3. og 4. juledag på Bedehuset til inntekt for ”hedningemissionen”. I protokollen for Bedehuset står det for året 1904 at det ikkje var nokon basar for huset, men ”afholdelse av basar for hedningemissionen med andre foreninger”. Fire år seinare kan me lesa i den same protokollen:”Auktion: Kvindeforeningene paa Nærbø havde mellom jul og nyttår auktion over sine opparbeidede gjenstande. Udbyttet blev delt mellom det Norske Missionsselskab, Kinamissionen, Finnemissionen og Omstreifermissionen.”

 

Kjeldematerialet til opplysningane er funne i fylgjande litteratur:

-         Jakob Straume: Kristenliv i Rogaland

-         Jakob StraumeVårløysing

-         Forf. ikkje oppgjeve: 25 aar (1890 – 1915)

-         Forf. ikkje oppgjejeve: Den lille jubileumsboka

-         Protokollane for Nærbø bedehus

-         Br. P. Mugaas: Handskriven liste over over foreiningane til Kinamissjonsforbundet 1890 – 1939.

-         Lars Gaute Jøssang: Aks i vind

-         John Nome: Det Norske Misjonsselskaps historie i norsk kristenliv

-         Johan Veka: Glytt frå kristenlivet i Rogaland

 

Nærbø 10. desember 2007

H.T. Indrebø